Bibel 2011 med apokryfane – dei deuterokanoniske bøker, nynorsk (N11NND)
1

Innleiing

11Boka med forteljingane om Tobit, son til Tobiel, til Hananiel, til Aduel, til Gabael, til Rafael, til Raguel, av slekta til Asiel av Naftali-stammen. 2

1,2
2 Kong 17,3
18,9
1,2 Tisbe, Fogor ukjende byar i Galilea. Kydios-Naftali Jf. Jos 20,7. Asser kanskje det same som Hasor, ein by i stammelandet til Naftali, nord for Gennesaretsjøen. Jf. Jos 11,1. Salmanassar gr. Enemessaros. Salmanassar 5., konge i Assur 727–722 f.Kr. Som Tiglat-Pileser 3. tidlegare og Sargon 2. seinare gjorde han hærferder mot Israel og førte ein stor del av innbyggjarane bort til Assur. Jf. 2 Kong 15,29; 17,3–6; 18,9–11; Jes 20,1.Medan Salmanassar var konge over assyrarane vart han ført bort som fange frå Tisbe, som ligg sør for Kydios-Naftali i Øvre Galilea, ovanfor Asser, nedanfor vegen mot vest, nord for Fogor.

Tobit fortel om livet sitt

3

1,3
Sal 86,11
119,30
Tob 1,16
Eg, Tobit, har alle mine levedagar gått på sannings og rettferds vegar. Mange velgjerningar har eg gjort mot brørne mine og folket mitt som vart førte bort som fangar saman med meg til Ninive i assyrarlandet. 4
1,4
1 Kong 11,3236
12
Då eg var ung og var i heimlandet mitt, på Israels jord, braut heile stammen til far min Naftali med Davids hus og med Jerusalem, byen som er vald ut mellom alle stammane i Israel for at alle skulle ofra der. Og tempelet der Gud har sin bustad, vart helga og oppført der for alle slekter til evig tid. 5
1,5
1 Kong 12,28–30
Alle brørne mine og slekta til far min Naftali ofra til kalven, den som Jereboam, Israels konge, hadde fått laga i Dan. Dei ofra på alle fjella i Galilea. 6
1,6
2 Mos 23,173 Mos 27,30–33
5 Mos 26,1
Eg var den einaste som ofte reiste til Jerusalem under festdagane, slik det er skrive ned for heile Israel som ei evig ordning. Eg skunda meg av stad til Jerusalem med offergåvene, med førstegrøda, med tienda av buskapen og med den første ulla frå sauene. 7
1,7
4 Mos 18,1221
5 Mos 12,17
1,7 tienda Det er usikkert om teksten reknar med to eller tre ulike tiender. 5 Mos 14,28f og 26,12–14 nemner ei tiend som skulle samlast inn kvart tredje år. Dette kan ha vore ei tredje tiend eller den andre tienda (jf. 5 Mos 12,17ff), som kvart tredje år skulle delast mellom dei fattige. Eit anna gr. handskrift nemner i v. 8 at Tobit gav «den tredje tienda til dei som skulle ha henne», dvs. dei fattige. =religiøse skikkar og ordningar, tiend.dei seks åra åra fram til det sjuande året, sabbatsåret. I det sjuande året skulle jorda liggja brakk og kvila. Jf. 2 Mos 23,10f; 3 Mos 25,3f.Dette gav eg til prestane, til Arons søner, som offergåver, og eg gav tienda av kornet og vinen og oljen, av granatepla og fikenane og dei andre fruktene til Levi-sønene som gjorde teneste i Jerusalem. Den andre tienda løyste eg kvart år inn i sølv dei seks åra. Så drog eg opp til Jerusalem og brukte pengane der. 8Eg gav tienda til foreldrelause, til enkjer og til innvandrarar som hadde slutta seg til israelittane. Eg tok henne med og delte henne ut kvart tredje år, og vi åt ifølgje forskriftene som er gjevne om dette i Moselova, og etter boda frå Debora, mor til Ananiel, far vår, sidan eg vart foreldrelaus då far min døydde.

9

1,9
3,15
4,12
6,12
Då eg vart ein vaksen mann, tok eg meg ei kone av slekta til far vår. Med henne fekk eg ein son som eg gav namnet Tobias. 10
1,10
3 Mos 11
1,10 Assyria det same som =Assur.Eg vart ført som fange til Assyria, og under fangenskapet kom eg til Ninive. Alle brørne mine og alle av slekta mi åt same mat som folkeslaga. 11
1,11
Dan 1,8
Judit 12,2
Men eg vara mi sjel og åt ikkje av maten til folka. 12Og fordi eg tenkte på Gud med heile mi sjel, 13
1,13
1 Mos 39,21
Dan 1,9
gav Den høgste meg nåde og velvilje hos Salmanassar. Det var eg som skulle kjøpa inn alt han trong, 141,14 ti talentar sølv svarar til ca. 342 kg. eller 60 000 dagløner. =mål og vekt; =mynt.og heilt fram til han døydde, reiste eg og handla for han i Media. Der gav eg sekker med ti talentar sølv til forvaring hos Gabael, bror til Gabri. 151,15 Sanherib gr. Sennakerim. Salmanassar 5. vart følgd av Sargon 2. (722–705 f.Kr.), som igjen vart følgd av Sanherib (705–681 f.Kr.). >1,2.Men då Salmanassar døydde og son hans, Sanherib, tok over som konge, vart det så farleg langs vegane i Media at eg ikkje kunne fara dit.

Tobit gravlegg dei døde

16I Salmanassars dagar gjorde eg mange velgjerningar mot brørne i slekta mi. 17

1,17
Job 31,16–20
Jes 58,7
Tob 4,16
Matt 25,35
1,17 gravla Etter jødisk oppfatning var det ei heilag plikt å gravleggja dei døde og nedverdigande å ikkje bli gravlagd. Jf. 5 Mos 28,26; 2 Kong 9,10; Fork 6,3; Jes 14,19; Jer 8,2; 16,4.6; 36,30.Eg gav maten min til dei svoltne, og eg gav klede til dei nakne, og om eg såg ein død mann av mitt folk liggja slengd utanfor murane i Ninive, gravla eg han. 181,18 flykta frå Judea Hæren til Sanherib kringsette Jerusalem i 701 f.Kr., men måtte avbryta kringsetjinga. Jf. 2 Kong 19,35.Eg gravla òg dei som Sanherib drap då han flykta frå Judea. For då himmelens herskar straffa han fordi han hadde kome med spott, vart han rasande og drap mange israelittar. Eg stal lika deira og gravla dei. Sanherib leita etter dei, men fann dei ikkje. 19Men ein mann frå Ninive gjekk til kongen og fortalde at det var eg som gravla dei og gøymde dei. Då eg fekk kjennskap til at kongen visste om meg og leita etter meg for å ta livet av meg, vart eg redd og flykta. 20Alt eg eigde, vart teke, eg hadde ingenting att, det var ikkje noko som ikkje vart inndrege i kongeleg eige utanom kona mi, Anna, og son min, Tobias. 21
1,21
2 Kong 19,37
2 Krøn 32,21
1,21 Asar-Haddon konge i Assur 681–669 f.Kr. Ahikar namngjeten segnfigur i Assur, bl.a. kjend som rådgjevar for assyrarkongane Sanherib og Asar-Haddon. «Historia om Ahikar» (også kalla «Ahikars Visdom») finst i fleire versjonar frå det 6.–5. årh. f.Kr. Forfattaren av Tobit reknar forteljinga om Ahikar som kjend og nyttar stoffet fleire stader, t.d. i 14,10. I Tobit blir Ahikar framstilt som Tobits brorson.Men det gjekk ikkje eingong førti dagar før kongen vart drepen av dei to sønene sine. Dei flykta til Ararat-fjellet, og sonen Asar-Haddon tok over som konge etter han. Han sette inn Ahikar, son til Anael, bror min, over alle finansane i riket og til å ta hand om heile statsforvaltinga. 221,22 signetringen til forsegling av dokument. =segl.Ahikar tala mi sak, og eg vende attende til Ninive. Under assyrarkongen Sanherib hadde Ahikar vore fremste munnskjenk, og han hadde hatt kontroll over signetringen og over forvaltinga og finansane, og Asar-Haddon sette no inn Ahikar som nummer to i rang. Han var brorson min, ein nær slektning av meg.

2

Ulukkene til Tobit

212,1 vekefesten =festar og høgtider.Medan Asar-Haddon var konge, vende eg heim. Eg fekk attende kona mi, Anna, og son min, Tobias. Under pinsefesten vår, den som blir kalla den heilage vekefesten, vart det laga i stand eit godt måltid til meg, og eg slo meg ned for å eta. 2

2,2
Luk 14,13
Bordet vart dekt for meg, og det vart ført fram talrike retter. Då sa eg til son min, Tobias: «Gå ut, guten min, og sjå om du kan finna ein fattig mann blant brørne våre, dei bortførte i Ninive, ein som tenkjer på Gud med heile sitt hjarte. Ta han med hit, slik at han kan eta saman med meg. Og sjå, eg ventar på deg, guten min, til du er attende.»

3Tobias gjekk av stad for å leita etter ein fattig blant brørne våre. Men han kom attende og sa: «Far!» Eg svara: «Her er eg, guten min», og han sa: «Veit du, far, ein av folket vårt har vorte drepen og kasta ut på torget. No ligg han der, kvelt.» 4Eg sprang opp og forlét måltidet før eg hadde smaka på maten, for å ta mannen bort frå den opne plassen. Eg fekk lagt han inn i eit skur fram til sola gjekk ned; då kunne eg gravleggja han. 5

2,5
4 Mos 19,11–21
Eg gjekk heim, vaska meg og åt maten min i sorg. 6
2,6
Am 8,10
Eg mintest orda frå profeten Amos mot Betel:

«Festane dykkar gjer eg til sorg

og alle songane til likklage.»

Og eg gret.

7Då sola hadde gått ned, gjekk eg og grov ei grav og la han der. 8

2,8
1,19
Naboane mine flirte og sa: «No er han visst ikkje redd for noko. Han var ettersøkt og dødsdømd på grunn dette, og då flydde han. Men no er han i gang att med å gravleggja dei døde!»

Tobit blir blind

9Same natta vaska eg meg og gjekk ut i garden og la meg til å sova ved gardsmuren. På grunn av varmen var andletet mitt ikkje dekt til. 10

2,10
Mark 5,26
2,10 Elam det same som Elymais, området nordaust for Persiabukta, aust for Tigris.Men eg visste ikkje at det var sporvar som heldt til i muren over meg. Den varme skiten frå dei sette seg fast i auga på meg og laga kvite flekker. Eg gjekk til fleire legar for å bli frisk, men dess fleire salvar dei smurde på auga mine, dess verre vart synet mitt på grunn av dei kvite flekkene. Til slutt var eg heilt blind. I fire år var eg utan syn, og alle brørne mine hadde vondt av meg. Ahikar sørgde for meg i to år, heilt til han drog til Elam.

11I denne tida tente kona mi, Anna, pengar på slikt handarbeid som kvinner gjer. 122,12 dystros den femte månaden i den makedonske kalenderen; svara til den jødiske månaden sjebat (jan. – febr.) eller adar (febr. – mars).Ho leverte til oppdragsgjevarane sine, som gav henne løn for arbeidet. Den sjuande dagen i månaden dystros klipte ho ned eit vevstykke og sende til oppdragsgjevarane sine. Dei gav henne full betaling og dessutan eit kje frå geiteflokken sin, som ho fekk ta med heim. 13Då ho kom heim til meg, byrja kjeet å breka. Eg ropa på henne og sa: «Kvar kjem dette kjeet frå? Det er vel ikkje stole? Gjev det attende til eigarane, vi har ingen rett til å eta noko som er stole.» 14

2,14
Job 2,9
Ho sa til meg: «Eg fekk det i gåve attåt løna.» Eg trudde henne ikkje og bad henne gje kjeet attende til eigarane. Eg vart raud av skam over henne på grunn av dette. Då svara ho: «Og kvar er velgjerningane dine? Kvar er dei rettferdige gjerningane dine? No kjem det fram korleis det er med deg!»

Vi bruker cookies for å lagre informasjon som legges igjen på våre nettsider. Les mer om vår personvernerklæring[skjul beskjed]