Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Amos

1 2 3 4 5 6 7 8 9
Se film

Les mer om BibleProject.

Neste kapittel >
1Ord av Amos, ein sauebonde frå Tekoa, det han såg om Israel i dei dagane då Ussia var konge i Juda og Jeroboam, son til Joasj, var konge i Israel, to år før jordskjelvet.
Dom over grannefolka
     2 Han sa:
           Herren brøler frå Sion,
          frå Jerusalem ljomar røysta hans.
          Beitemarkene til gjetarane skal sørgja,
          Karmels topp skal tørka.
          
   
 3 Så seier Herren:
          Tre ugjerningar av Damaskus, ja, fire
          – eg held det ikkje tilbake!
          For dei treskte Gilead med jerntaggar.
          
   
 4 Eg sender eld mot Hasaels hus,
          han skal øyda Ben-Hadads borger.
          
   
 5 Eg bryt sund portbommen i Damaskus,
          ryddar ut han som tronar i Aven-dalen,
          og han som ber septer i Bet-Eden.
          Folket i Aram skal i eksil til Kir,
          seier Herren.
          
   
 6 Så seier Herren:
          Tre ugjerningar av Gaza, ja, fire
          – eg held det ikkje tilbake!
          For dei dreiv alle i eksil og gav dei over til Edom.
          
   
 7 Eg sender eld mot muren kring Gaza,
          han skal øyda borgene hennar.
          
   
 8 Eg ryddar ut han som tronar i Asjdod,
          og han som ber septer i Asjkalon.
          Eg lyfter handa mot Ekron,
          og resten av filistrane skal gå til grunne,
          seier Herren Gud.
          
   
 9 Så seier Herren:
          Tre ugjerningar av Tyros, ja, fire
          – eg held det ikkje tilbake!
          For dei gav over til Edom alle som dei dreiv i eksil,
          dei kom ikkje pakta mellom brør i hug.
          
   
10 Eg sender eld mot muren kring Tyros,
          han skal øyda borgene der.
          
   
11 Så seier Herren:
          Tre ugjerningar av Edom, ja, fire
          – eg held det ikkje tilbake!
          For dei jaga brørne sine med sverd,
          dei viste inga miskunn.
          Dei heldt alltid fast på sin harme,
          vreiden vakta dei i det endelause.
          
   
12 Eg sender eld mot Teman,
          han skal øyda borgene i Bosra.
          
   
13 Så seier Herren:
          Tre ugjerningar av ammonittane, ja, fire
          – eg held det ikkje tilbake!
          For dei skar opp gravide i Gilead
          og utvida grensene sine.
          
   
14 Eg set fyr på muren kring Rabba,
          eld skal øyda borgene der
          under kampropa på stridens dag,
          i stormen på uvêrsdagen.
          
   
15 Då skal kongen deira gå i eksil
          saman med stormennene,
          seier Herren.
Neste kapittel >

31. mars 2023

Dagens bibelord

Jesaja 40,6–9

Les i nettbibelen

6En røst sier: «Rop ut!» Jeg svarer: «Hva skal jeg rope?» «Alle mennesker er gress, all deres troskap er som blomsten på marken. 7Gresset tørker bort, blomsten visner når Herrens ånde blåser på den. Sannelig, folket er gress. ... Vis hele teksten

6En røst sier: «Rop ut!» Jeg svarer: «Hva skal jeg rope?» «Alle mennesker er gress, all deres troskap er som blomsten på marken. 7Gresset tørker bort, blomsten visner når Herrens ånde blåser på den. Sannelig, folket er gress. 8Gresset tørker bort, blomsten visner, men ordet fra vår Gud står fast for evig.» 9Gå opp på et høyt fjell, du Sions gledesbud! Løft din røst med kraft, Jerusalems gledesbud! Løft din røst, vær ikke redd! Si til byene i Juda: «Se, deres Gud!»

Dagens bibelord

Jesaja 40,6–9

Les i nettbibelen

6Ei røyst seier: «Rop ut!» Eg seier: «Kva skal eg ropa?» «Alle menneske er gras, all deira truskap er som blomen på marka. 7Graset tørkar bort, blomen visnar når Herrens ande blæs på han. Sanneleg, folket er gras. ... Vis hele teksten

6Ei røyst seier: «Rop ut!» Eg seier: «Kva skal eg ropa?» «Alle menneske er gras, all deira truskap er som blomen på marka. 7Graset tørkar bort, blomen visnar når Herrens ande blæs på han. Sanneleg, folket er gras. 8Graset tørkar bort, blomen visnar, men ordet frå vår Gud står evig fast.» 9Gå opp på eit høgt fjell, du Sions gledebod! Lyft di røyst med kraft, Jerusalems gledebod! Lyft di røyst, ver ikkje redd! Sei til byane i Juda: «Sjå, dykkar Gud!»

Dagens bibelord

Jesaja 40,6–9

Les i nettbibelen

6Jietna dadjá: Sártno! Mun jearan: “Maid mun galggan sárdnut?” – Olmmoš lea dego rássi, nohkavaš nugo gietti lieđđi. 7Rássi goiká, lieđđi goldná go Hearrá vuoiŋŋahat bossu dasa. Duođaid, álbmot lea rássi. ... Vis hele teksten

6Jietna dadjá: Sártno! Mun jearan: “Maid mun galggan sárdnut?” – Olmmoš lea dego rássi, nohkavaš nugo gietti lieđđi. 7Rássi goiká, lieđđi goldná go Hearrá vuoiŋŋahat bossu dasa. Duođaid, álbmot lea rássi. 8Rássi goiká, lieđđi goldná, muhto min Ipmila sátni bissu agálaš áigái. 9Goarkŋo alla várrái, Sion, don gii buvttát illusága! Gulat illusága alla jienain, Jerusalem! Čuorvvo, ale bala, gulat Juda gávpogiidda: Din Ipmil boahtá!