Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Paulus’ brev til efesarane

1 2 3 4 5 6

< Forrige kapittelNeste kapittel >

Frå død til liv
2De var ein gong døde på grunn av misgjerningane og syndene dykkar.  2 De levde i dei slik ein gjer i denne verda og lét dykk leia av han som styrer i himmelrommet, den ånda som no verkar i dei ulydige.  3 Ja, ein gong levde vi alle som dei. Vi følgde lystene i vårt eige kjøt og blod, vi gjorde det vårt kjøt og våre eigne tankar ville. Og vi var av naturen vreidens born liksom alle dei andre.
   
 4 Men Gud er rik på miskunn. Fordi han elska oss med så stor ein kjærleik,  5 gjorde han oss levande saman med Kristus, vi som var døde på grunn av misgjerningane våre. Av nåde er de frelste.  6 I Kristus Jesus har han både reist oss opp frå døden med han og sett oss i himmelen med han,  7 så han i dei komande tider kunne visa kor overstrøymande rik han er på nåde, og kor god han er mot oss i Kristus Jesus.  8 For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve.  9 Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal skryta av seg sjølv. 10 For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud på førehand har lagt ferdige så vi skulle vandra i dei.
Kristus sameinar heidningar og jødar
11 De var ein gong heidningar av fødsel og vart kalla uomskorne av dei som kallar seg omskorne, dei som er omskorne på kroppen av menneskehand. 12 Kom i hug at de den gongen var utan Kristus, utestengde frå borgarrett i Israel, framande for paktene og lovnaden, ja, utan håp og utan Gud i verda. 13 Men no, i Kristus Jesus, er de som før var langt borte, komne nær på grunn av Kristi blod.
   
14 For han er vår fred, han som gjorde dei to til eitt og reiv ned den muren som skilde, fiendskapen. Med sin eigen kropp 15 sette han lova ut av kraft med hennar bod og forskrifter. Slik skulle han skapa dei to til eitt nytt menneske i seg – og skapa fred. 16 I éin kropp skulle han forsona dei begge med Gud då han døydde på krossen og slik gjorde ende på fiendskapen. 17 Og han kom og forkynte den gode bodskapen om fred for dykk som var langt borte, og fred for dei som var nær. 18 Ved han har både de og vi tilgang til Far i éin Ande. 19 Så er de ikkje lenger framande og utlendingar. Nei, de er medborgarar saman med dei heilage og høyrer Guds familie til. 20 De er oppbygde på grunnvollen til apostlane og profetane, og hjørnesteinen er Kristus Jesus sjølv. 21 I han blir heile bygningen halden saman, så han veks til eit heilagt tempel i Herren, 22 og i han blir de òg bygde opp til ein bustad for Gud i Anden.
< Forrige kapittelNeste kapittel >

18. august 2022

Dagens bibelord

Jesaja 64,6–65,2

Les i nettbibelen

6Det er ingen som kallar på ditt namn, som vaknar opp og held fast ved deg. For du har løynt andletet for oss og gjeve oss over til vår skuld. 7Men no, Herre, er du vår far! Vi er leira, du han som formar oss, alle er vi verk av di hand. ... Vis hele teksten

6Det er ingen som kallar på ditt namn, som vaknar opp og held fast ved deg. For du har løynt andletet for oss og gjeve oss over til vår skuld. 7Men no, Herre, er du vår far! Vi er leira, du han som formar oss, alle er vi verk av di hand. 8Herre, ver ikkje harm, hugs ikkje vår skuld for alltid! Sjå no hit, alle er vi ditt folk! 9Dine heilage byar har vorte til ørken, Sion har vorte ein ørken og Jerusalem ei øydemark. 10Vårt heilage og herlege tempel, der fedrane våre lova deg, har elden svidd av. Alt vi var glade i, er lagt i ruinar. 11Kan du tola dette, Herre, teia og audmjuka oss så djupt? 1Eg hadde svar til dei som ikkje spurde, eg var å finna for dei som ikkje søkte meg. Eg sa: «Her er eg! Her er eg!» til eit folkeslag som ikkje kalla på mitt namn. 2Heile dagen rekte eg hendene ut til eit trassig folk som gjekk fram etter eigne tankar på vegar som ikkje var gode.