Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Jeremia

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48 49 50 51 52

Neste kapittel >
1Ord av Jeremia, son til Hilkia, ein av prestane i Anatot i Benjamin-landet.  2 Herrens ord kom til han i dei dagane då Josjia, son til Amon, var konge i Juda, i det trettande styringsåret hans,  3 og i dei dagane då Jojakim, son til Josjia, var konge i Juda, heilt til slutten av det ellevte året då Sidkia, son til Josjia, var konge i Juda, då Jerusalem vart ført i eksil i den femte månaden.
Herren kallar Jeremia til profet
 4 Herrens ord kom til meg:
          
   
 5 «Før eg forma deg i mors liv, kjende eg deg,
          før du vart fødd, helga eg deg,
          til profet for folkeslaga sette eg deg.»
 6 Men eg sa:
          «Å, min Herre og Gud!
          Sjå, eg kan ikkje tala,
          eg er for ung!»
 7 Då sa Herren til meg:
          «Du skal ikkje seia: Eg er ung!
          Overalt der eg sender deg, skal du gå,
          og alt eg byd deg, skal du seia.
          
   
 8 Ver ikkje redd dei,
          eg er med deg og skal berga deg,
          seier Herren.»
 9 Herren rette ut handa og rørte ved munnen min. Så sa Herren til meg:
        «No legg eg orda mine i din munn.
          
   
10 Sjå, eg set deg i dag over folk og rike
          til å rykkja opp og riva ned,
          til å øydeleggja og knusa,
          til å byggja og planta.»

To syn
11 Herrens ord kom til meg: «Kva ser du, Jeremia?» Eg svara: «Eg ser ei grein av eit vaketre.» 12 Då sa Herren til meg: «Godt sett! For eg vil vaka over mitt ord og setja det i verk.»
   
13 Herrens ord kom til meg for andre gong: «Kva ser du?» Eg svara: «Eg ser ei kokande gryte, ho hallar hit frå nord.» 14 Då sa Herren til meg:
          Frå nord skal ulukka hellast ut
          over alle som bur i landet.
          
   
15 For no kallar eg på alle kongeslektene i nord,
          seier Herren.
          Dei skal koma og reisa kvar si trone
          ved Jerusalems portopningar,
          mot alle murane ikring
          og mot alle byane i Juda.
          
   
16 Då vil eg seia min dom over dei
          for all deira vondskap,
          dei som forlét meg,
          tende offereld for andre gudar
          og tilbad verk av eigne hender.
          
   
17 Men du skal spenna beltet om livet,
          stå fram og seia til dei
          alt det eg byd deg.
          Ver ikkje redd dei,
          elles slår eg deg med redsle for dei.
          
   
18 Sjå, eg gjer deg i dag til ein festningsby,
          til ei jernstøtte og ein bronsemur
          mot heile landet,
          mot kongane i Juda, mot leiarane og prestane
          og folket i landet.
          
   
19 Dei skal gå til krig mot deg, men ikkje vinna.
          For eg er med deg,
          seier Herren.
          Eg skal berga deg.
Neste kapittel >

31. mars 2023

Dagens bibelord

Jesaja 40,6–9

Les i nettbibelen

6En røst sier: «Rop ut!» Jeg svarer: «Hva skal jeg rope?» «Alle mennesker er gress, all deres troskap er som blomsten på marken. 7Gresset tørker bort, blomsten visner når Herrens ånde blåser på den. Sannelig, folket er gress. ... Vis hele teksten

6En røst sier: «Rop ut!» Jeg svarer: «Hva skal jeg rope?» «Alle mennesker er gress, all deres troskap er som blomsten på marken. 7Gresset tørker bort, blomsten visner når Herrens ånde blåser på den. Sannelig, folket er gress. 8Gresset tørker bort, blomsten visner, men ordet fra vår Gud står fast for evig.» 9Gå opp på et høyt fjell, du Sions gledesbud! Løft din røst med kraft, Jerusalems gledesbud! Løft din røst, vær ikke redd! Si til byene i Juda: «Se, deres Gud!»

Dagens bibelord

Jesaja 40,6–9

Les i nettbibelen

6Ei røyst seier: «Rop ut!» Eg seier: «Kva skal eg ropa?» «Alle menneske er gras, all deira truskap er som blomen på marka. 7Graset tørkar bort, blomen visnar når Herrens ande blæs på han. Sanneleg, folket er gras. ... Vis hele teksten

6Ei røyst seier: «Rop ut!» Eg seier: «Kva skal eg ropa?» «Alle menneske er gras, all deira truskap er som blomen på marka. 7Graset tørkar bort, blomen visnar når Herrens ande blæs på han. Sanneleg, folket er gras. 8Graset tørkar bort, blomen visnar, men ordet frå vår Gud står evig fast.» 9Gå opp på eit høgt fjell, du Sions gledebod! Lyft di røyst med kraft, Jerusalems gledebod! Lyft di røyst, ver ikkje redd! Sei til byane i Juda: «Sjå, dykkar Gud!»

Dagens bibelord

Jesaja 40,6–9

Les i nettbibelen

6Jietna dadjá: Sártno! Mun jearan: “Maid mun galggan sárdnut?” – Olmmoš lea dego rássi, nohkavaš nugo gietti lieđđi. 7Rássi goiká, lieđđi goldná go Hearrá vuoiŋŋahat bossu dasa. Duođaid, álbmot lea rássi. ... Vis hele teksten

6Jietna dadjá: Sártno! Mun jearan: “Maid mun galggan sárdnut?” – Olmmoš lea dego rássi, nohkavaš nugo gietti lieđđi. 7Rássi goiká, lieđđi goldná go Hearrá vuoiŋŋahat bossu dasa. Duođaid, álbmot lea rássi. 8Rássi goiká, lieđđi goldná, muhto min Ipmila sátni bissu agálaš áigái. 9Goarkŋo alla várrái, Sion, don gii buvttát illusága! Gulat illusága alla jienain, Jerusalem! Čuorvvo, ale bala, gulat Juda gávpogiidda: Din Ipmil boahtá!