Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Evangeliet etter Johannes

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21
Se film

Les mer om BibleProject.

< Forrige kapittelNeste kapittel >

Jesus vaskar føtene til læresveinane
13Det var like før påskehøgtida, og Jesus visste at timen hans var komen då han skulle fara bort frå denne verda og til Far sin. Han hadde elska sine eigne som var i verda, og han elska dei heilt til det siste.
   
 2 Då dei heldt måltid, hadde djevelen alt gjeve Judas, son til Simon Iskariot, den tanken i hjartet at han skulle svika han.  3 Jesus visste at Far hadde gjeve alt i hans hender, og at han hadde gått ut frå Gud og gjekk til Gud.  4 Då reiser han seg frå måltidet, legg av seg kappa og tek eit linklede og bind om seg.  5 Så slår han vatn i eit fat og tek til å vaska føtene til læresveinane og tørka dei med handkledet som han har om livet.  6 Han kjem til Simon Peter, og Peter seier til han: «Herre, vaskar du mine føter?»  7 Jesus svara: «Det eg gjer, forstår du ikkje no, men du skal skjøna det sidan.»  8 «Aldri i æva om du skal vaska føtene mine», seier Peter. «Dersom eg ikkje vaskar deg, har du ingen del i meg», svara Jesus.  9 Simon Peter seier til han: «Herre, ikkje berre føtene, men hendene og hovudet òg!» 10 Men Jesus seier til han: «Den som er bada, er heilt rein og treng ikkje vaska anna enn føtene. Og de er reine – men ikkje alle.» 11 For han visste kven som skulle svika han. Difor sa han: «De er ikkje alle reine.»
   
12 Då han hadde vaska føtene deira og teke på seg kappa, tok han plass ved bordet att. Så sa han til dei: «Skjønar de kva det er eg har gjort for dykk? 13 De kallar meg meister og herre, og det med rette, for det er eg. 14 Når no eg, herren og meisteren, har vaska føtene dykkar, då skyldar de òg å vaska føtene til kvarandre. 15 Det er eit føredøme eg har gjeve dykk: Som eg har gjort mot dykk, skal de òg gjera. 16 Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Ein tenar er ikkje større enn herren sin, og ein utsending er ikkje større enn den som har sendt han. 17 No veit de dette. Og sæle er de så sant de gjer etter det.
Svikaren
18 Eg talar ikkje om dykk alle, for eg veit kven eg har valt ut. Men dette ordet i Skrifta må oppfyllast:
           Den som et mitt brød,
           lyfte hælen mot meg.
19 Eg seier det til dykk no, før det hender, slik at de, når det hender, skal tru at Eg er. 20 Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Den som tek imot ein eg sender, tek imot meg. Og den som tek imot meg, tek imot han som har sendt meg.»
   
21 Då Jesus hadde sagt dette, vart han opprørt i sitt indre og sa rett ut: «Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Ein av dykk kjem til å svika meg.» 22 Læresveinane såg på kvarandre; dei skjøna ikkje kven han meinte. 23 Ein av dei, den læresveinen som Jesus hadde kjær, låg ved sida av Jesus ved bordet. 24 Simon Peter nikka til han for at han skulle spørja kven han meinte. 25 Han bøygde seg då nærare inntil Jesus og sa: «Herre, kven er det?» 26 Jesus svara: «Det er han som eg gjev den biten eg no dyppar.» Så dyppa han ein bit i fatet og gav han til Judas, son til Simon Iskariot. 27 Då Judas hadde fått biten, fór Satan i han. Jesus seier til han: «Gjer det snart, det du vil gjera.» 28 Men ingen av dei andre ved bordet skjøna kva han meinte med dette. 29 Sidan Judas hadde ansvar for pengekassa, tenkte somme at Jesus ville han skulle gå og kjøpa det dei trong til høgtida, eller at han skulle gje noko til dei fattige. 30 Med det same Judas hadde fått biten, gjekk han ut. Det var natt.
Eit nytt bod
31 Då han hadde gått, sa Jesus: «No lyste Guds herlegdom om Menneskesonen, og herlegdom lyste om Gud gjennom han. 32 Og har Gud vorte herleggjord gjennom han, så skal Gud sjølv herleggjera han. Ja, snart skal Guds herlegdom lysa om han! 33 Endå ei lita stund er eg hos dykk, borna mine. De kjem til å leita etter meg, men det eg sa til jødane, seier eg no til dykk òg: Dit eg går, kan ikkje de koma. 34 Eit nytt bod gjev eg dykk: De skal elska kvarandre. Som eg har elska dykk, skal de elska kvarandre. 35 På det skal alle skjøna at de er mine læresveinar: at de har kjærleik til kvarandre.»
Jesus talar om Peters fornekting
36 Simon Peter seier til han: «Herre, kvar går du?» Jesus svara: «Dit eg går, kan du ikkje følgja meg no, men du skal følgja meg seinare.» 37 «Kvifor kan eg ikkje følgja deg no, Herre?» seier Peter, «eg vil gje livet mitt for deg.» 38 Jesus svara: «Du vil gje livet for meg? Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Hanen kjem ikkje til å gala før du har fornekta meg tre gonger.
< Forrige kapittelNeste kapittel >

27. januar 2023

Dagens bibelord

Jakob 2,8–13

Les i nettbibelen

8Dersom dere oppfyller den kongelige lov i Skriften: Du skal elske din neste som deg selv, da gjør dere rett. 9Men gjør dere forskjell på folk, da synder dere, og loven anklager dere som lovbrytere. ... Vis hele teksten

8Dersom dere oppfyller den kongelige lov i Skriften: Du skal elske din neste som deg selv, da gjør dere rett. 9Men gjør dere forskjell på folk, da synder dere, og loven anklager dere som lovbrytere. 10For den som holder hele loven, men snubler i ett av budene, har gjort seg skyldig i å bryte dem alle. 11For han som sa: Du skal ikke bryte ekteskapet, han sa også: Du skal ikke slå i hjel. Om du ikke bryter ekteskapet, men slår i hjel, da er du en lovbryter. 12Etter frihetens lov skal dere dømmes, etter den skal dere tale og handle. 13For dommen skal være ubarmhjertig mot den som ikke har vist barmhjertighet, men barmhjertigheten triumferer over dommen.

Dagens bibelord

Jakob 2,8–13

Les i nettbibelen

8Dersom de oppfyller den kongelege lov i Skrifta: Du skal elska nesten din som deg sjølv, då gjer de rett. 9Men gjer de forskjell på folk, då syndar de, og lova klagar dykk som lovbrytarar. ... Vis hele teksten

8Dersom de oppfyller den kongelege lov i Skrifta: Du skal elska nesten din som deg sjølv, då gjer de rett. 9Men gjer de forskjell på folk, då syndar de, og lova klagar dykk som lovbrytarar. 10For den som held heile lova, men snublar i eit einaste bod, han har gjort seg skuldig i brot på dei alle. 11For han som sa: Du skal ikkje bryta ekteskapet, han sa òg: Du skal ikkje slå i hel. Om du då ikkje bryt ekteskapet, men slår i hel, så har du vorte ein lovbrytar. 12Etter fridomens lov skal de dømmast, etter den skal de tala og handla. 13For dommen skal vera utan miskunn mot den som ikkje har vist miskunn. Men miskunn sigrar over dommen.

Dagens bibelord

Jakob 2,8–13

Les i nettbibelen

8Jos dii ollašuhttibehtet lága gonagaslaš báhkkoma nugo dat lea čállagiin: Ráhkis lagamuččat nugo iežat, de dahkabehtet riekta. 9Muhto jos dii geahččabehtet olbmo hápmái, de dii suddudehpet, ja láhka cuoigu din rihkkun. ... Vis hele teksten

8Jos dii ollašuhttibehtet lága gonagaslaš báhkkoma nugo dat lea čállagiin: Ráhkis lagamuččat nugo iežat, de dahkabehtet riekta. 9Muhto jos dii geahččabehtet olbmo hápmái, de dii suddudehpet, ja láhka cuoigu din rihkkun. 10Dat gii muđui doallá lága muhto rihkku dan ovtta sajis, lea rihkkon buot báhkkomiid. 11Son gii celkkii: Don it oaččo rihkkut náittosdili, celkkii maiddái: Don it oaččo goddit. Vaikko it rihkoše náittosdili, de don leat láhkarihkku, jos gottát. 12Friddjavuođa lága mielde dii dubmejuvvobehtet; atnet dan muittus maid ain sárdnubehtet dahje dahkabehtet. 13Duopmu lea árpmuheapme dasa gii ii leat leamaš váibmoláđis, muhto váibmoláđisvuohta vuoitá duomu.