Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Judas’ brev

1
Se film

Les mer om BibleProject.


Helsing
1Judas, Jesu Kristi tenar og Jakobs bror, helsar dei som er kalla, dei som er elska av Gud, vår Far, og haldne oppe for Jesus Kristus.  2 Miskunn, fred og kjærleik vere med dykk i rikt mål!
Vranglærarane og dommen over dei
 3 Mine kjære! Eg har hatt eit inderleg ønske om å skriva til dykk om den frelsa som vi har saman. Men no ser eg meg nøydd til å senda dykk nokre formanande ord om å strida for den trua som ein gong for alle er overgjeven til dei heilage.  4 For det har snike seg inn visse folk mellom dykk, ugudelege menneske som for lenge sidan var oppskrivne til å bli dømde. Dei misbruker vår Guds nåde til eit liv i utskeiingar, og dei fornektar vår einaste herskar og Herre, Jesus Kristus.
   
 5 Her er det noko eg vil minna dykk om, endå de alt kjenner vel til det: Herren berga folket ut av Egypt, men sidan gjorde han ende på dei som ikkje ville tru.  6 Og dei englane som ikkje tok vare på sin høge stand, men drog bort frå sin eigen bustad, dei held han bundne i mørker med evige lenkjer til dommen på den store dagen.  7 På same måten var det med Sodoma og Gomorra og nabobyane, der dei levde i hor liksom desse englane, og i unaturlege lyster. Dei vart straffa med evig eld og ligg der som eit åtvarande eksempel.
   
 8 Likevel gjer desse menneska det same. Drivne av sine syn skitnar dei til kroppen sin, forkastar Guds herredøme og spottar høge makter.  9 Men då erkeengelen Mikael låg i strid med djevelen om kroppen til Moses, våga han ikkje spotta djevelen og dømma han, men sa: Må Herren refsa deg! 10 Men desse menneska spottar det dei ikkje kjenner, og det dei, som dyr utan fornuft, skjønar ut frå naturen, det tener til å øydeleggja dei. 11 Ve dei! Dei har slege inn på Kains veg; dei har kasta seg ut i Bileams villfaring for vinning skuld. Dei har gjort opprør som Korah og gått til grunne.
   
12 Dei er skamflekker ved kjærleiksmåltida dykkar, der dei utan otte eller skam et saman med dykk. Dei er gjetarar som berre passar seg sjølve, skyer som driv med vinden utan å gje regn. Dei er tre som ikkje ber frukt om hausten, dobbelt døde, ja, rivne opp med rot. 13 Dei er ville havbølgjer, skummande opp si eiga skam, villfarne stjerner som det evige nattemørkret ventar på. 14 Det var om desse Henok, Adams etterkomar i sjuande leden, spådde då han sa: «Sjå, Herren kjem med sine heilage i tusental. 15 Han vil halda dom over alle og straffa alle menneske for deira ugudelege gjerningar og for alle harde ord dei har tala mot han, desse gudlause syndarane.» 16 Dette er folk som murrar og klagar over lagnaden sin, men lever etter lystene sine. Munnane talar store ord og smigrar folk når dei har nytte av det.
Bøn og omsorg
17 Men de, mine kjære, kom i hug dei orda som vår Herre Jesu Kristi apostlar har føresagt. 18 Dei sa til dykk: «I dei siste tider skal det koma spottarar som følgjer sine eigne ugudelege lyster.» 19 Dette er dei som skaper splid mellom dykk; dei er reint menneskelege og manglar Anden.
   
20 Men de, mine kjære, må byggja dykk sjølve opp ved dykkar høge og heilage tru og alltid be i Den heilage ande. 21 Pass på å bli verande i Guds kjærleik medan de ventar på at vår Herre Jesu Kristi miskunn skal føra dykk til evig liv. 22 Miskunna dykk over dei som tvilar, 23 andre skal de riva ut or elden og berga. Atter andre skal de ta dykk av, men ver varsame: Sky til og med kappa som er skitna til av lystene i kroppen.
Lovprising
24 Han som har makt til å verna dykk mot fall og føra dykk jublande og utan feil fram for sin herlegdom, 25 han, den einaste Gud, vår frelsar ved Jesus Kristus, vår Herre: Han tilhøyrer ære og majestet, velde og makt før all tid, no og i all æve! Amen.

31. mars 2023

Dagens bibelord

Jesaja 40,6–9

Les i nettbibelen

6En røst sier: «Rop ut!» Jeg svarer: «Hva skal jeg rope?» «Alle mennesker er gress, all deres troskap er som blomsten på marken. 7Gresset tørker bort, blomsten visner når Herrens ånde blåser på den. Sannelig, folket er gress. ... Vis hele teksten

6En røst sier: «Rop ut!» Jeg svarer: «Hva skal jeg rope?» «Alle mennesker er gress, all deres troskap er som blomsten på marken. 7Gresset tørker bort, blomsten visner når Herrens ånde blåser på den. Sannelig, folket er gress. 8Gresset tørker bort, blomsten visner, men ordet fra vår Gud står fast for evig.» 9Gå opp på et høyt fjell, du Sions gledesbud! Løft din røst med kraft, Jerusalems gledesbud! Løft din røst, vær ikke redd! Si til byene i Juda: «Se, deres Gud!»

Dagens bibelord

Jesaja 40,6–9

Les i nettbibelen

6Ei røyst seier: «Rop ut!» Eg seier: «Kva skal eg ropa?» «Alle menneske er gras, all deira truskap er som blomen på marka. 7Graset tørkar bort, blomen visnar når Herrens ande blæs på han. Sanneleg, folket er gras. ... Vis hele teksten

6Ei røyst seier: «Rop ut!» Eg seier: «Kva skal eg ropa?» «Alle menneske er gras, all deira truskap er som blomen på marka. 7Graset tørkar bort, blomen visnar når Herrens ande blæs på han. Sanneleg, folket er gras. 8Graset tørkar bort, blomen visnar, men ordet frå vår Gud står evig fast.» 9Gå opp på eit høgt fjell, du Sions gledebod! Lyft di røyst med kraft, Jerusalems gledebod! Lyft di røyst, ver ikkje redd! Sei til byane i Juda: «Sjå, dykkar Gud!»

Dagens bibelord

Jesaja 40,6–9

Les i nettbibelen

6Jietna dadjá: Sártno! Mun jearan: “Maid mun galggan sárdnut?” – Olmmoš lea dego rássi, nohkavaš nugo gietti lieđđi. 7Rássi goiká, lieđđi goldná go Hearrá vuoiŋŋahat bossu dasa. Duođaid, álbmot lea rássi. ... Vis hele teksten

6Jietna dadjá: Sártno! Mun jearan: “Maid mun galggan sárdnut?” – Olmmoš lea dego rássi, nohkavaš nugo gietti lieđđi. 7Rássi goiká, lieđđi goldná go Hearrá vuoiŋŋahat bossu dasa. Duođaid, álbmot lea rássi. 8Rássi goiká, lieđđi goldná, muhto min Ipmila sátni bissu agálaš áigái. 9Goarkŋo alla várrái, Sion, don gii buvttát illusága! Gulat illusága alla jienain, Jerusalem! Čuorvvo, ale bala, gulat Juda gávpogiidda: Din Ipmil boahtá!