Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Paulus’ brev til Filemon

1
Se film

Les mer om BibleProject.


Helsing
1Paulus, Kristi Jesu fange, og Timoteus, bror vår, helsar Filemon, vår kjære ven og medarbeidar,  2 og Appia, syster vår, og Arkippos, stridskameraten vår, og forsamlinga som kjem saman i huset ditt:  3 Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus!
Filemons tru og kjærleik
 4 Eg takkar alltid min Gud når eg hugsar på deg i bønene mine.  5 For eg høyrer om kjærleiken din til alle dei heilage og om trua di på Herren Jesus.  6 Eg bed om at den trua som du har felles med oss, må vera verksam, så du kan skjøna alt det gode vi har i Kristus.  7 Kjærleiken din har vore ei stor glede og ei trøyst for meg, kjære bror, og dei heilage har kjent seg styrkte takka vere deg.
Filemon og Onesimos
 8 I Kristus kunne eg nok med full rett påleggja deg å gjera di plikt.  9 Men for kjærleiken skuld kjem eg heller med ei bøn. Her er eg, den aldrande Paulus, no òg som Kristi Jesu fange, 10 og eg bed deg for barnet mitt som eg har fått her eg sit i lenkjer: Onesimos. 11 Ein gong var han unyttig for deg, men no er han nyttig for både meg og deg. 12 Når eg no sender han tilbake til deg, er det som om eg sender mitt eige hjarte. 13 Eg hadde gjerne hatt han hos meg, så han i din stad kunne tena meg når eg no er i lenkjer for evangeliet. 14 Men utan ditt samtykke ville eg ikkje gjera nokon ting, så du ikkje skal gjera det gode av tvang, men av fri vilje. 15 Kan henda vart han teken frå deg for ei stund så du skal få han att for alltid, 16 ikkje lenger som slave, men som noko mykje høgare enn ein slave, som ein kjær bror. Det er han sanneleg for meg. Kor mykje meir må han då ikkje vera det for deg, både som menneske og i Herren.
   
17 Så sant du held meg for ein du har fellesskap med, så ta imot han som meg sjølv. 18 Har han gjort deg urett, eller skuldar han deg noko, så før det på mi rekning! 19 Dette skriv eg, Paulus, med eiga hand: Eg skal betala. Eg vil ikkje nemna det du skuldar meg: deg sjølv. 20 Ja, bror, lat meg ha nytte av deg i Herren! Gjer mitt hjarte roleg i Kristus!
   
21 I tiltru til din lydnad skriv eg dette til deg; eg er sikker på at du vil gjera endå meir enn det eg bed deg om. 22 Og ein ting til: Gjer klart gjesterommet til meg! For eg håpar at eg skal bli gjeven til dykk som svar på bønene dykkar.
   
23 Epafras, som er i fengsel saman med meg for Kristi Jesu skuld, helsar deg. 24 Det gjer òg Markus, Aristarkos, Demas og Lukas, medarbeidarane mine.
   
25 Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykkar ånd!

31. mars 2023

Dagens bibelord

Jesaja 40,6–9

Les i nettbibelen

6En røst sier: «Rop ut!» Jeg svarer: «Hva skal jeg rope?» «Alle mennesker er gress, all deres troskap er som blomsten på marken. 7Gresset tørker bort, blomsten visner når Herrens ånde blåser på den. Sannelig, folket er gress. ... Vis hele teksten

6En røst sier: «Rop ut!» Jeg svarer: «Hva skal jeg rope?» «Alle mennesker er gress, all deres troskap er som blomsten på marken. 7Gresset tørker bort, blomsten visner når Herrens ånde blåser på den. Sannelig, folket er gress. 8Gresset tørker bort, blomsten visner, men ordet fra vår Gud står fast for evig.» 9Gå opp på et høyt fjell, du Sions gledesbud! Løft din røst med kraft, Jerusalems gledesbud! Løft din røst, vær ikke redd! Si til byene i Juda: «Se, deres Gud!»

Dagens bibelord

Jesaja 40,6–9

Les i nettbibelen

6Ei røyst seier: «Rop ut!» Eg seier: «Kva skal eg ropa?» «Alle menneske er gras, all deira truskap er som blomen på marka. 7Graset tørkar bort, blomen visnar når Herrens ande blæs på han. Sanneleg, folket er gras. ... Vis hele teksten

6Ei røyst seier: «Rop ut!» Eg seier: «Kva skal eg ropa?» «Alle menneske er gras, all deira truskap er som blomen på marka. 7Graset tørkar bort, blomen visnar når Herrens ande blæs på han. Sanneleg, folket er gras. 8Graset tørkar bort, blomen visnar, men ordet frå vår Gud står evig fast.» 9Gå opp på eit høgt fjell, du Sions gledebod! Lyft di røyst med kraft, Jerusalems gledebod! Lyft di røyst, ver ikkje redd! Sei til byane i Juda: «Sjå, dykkar Gud!»

Dagens bibelord

Jesaja 40,6–9

Les i nettbibelen

6Jietna dadjá: Sártno! Mun jearan: “Maid mun galggan sárdnut?” – Olmmoš lea dego rássi, nohkavaš nugo gietti lieđđi. 7Rássi goiká, lieđđi goldná go Hearrá vuoiŋŋahat bossu dasa. Duođaid, álbmot lea rássi. ... Vis hele teksten

6Jietna dadjá: Sártno! Mun jearan: “Maid mun galggan sárdnut?” – Olmmoš lea dego rássi, nohkavaš nugo gietti lieđđi. 7Rássi goiká, lieđđi goldná go Hearrá vuoiŋŋahat bossu dasa. Duođaid, álbmot lea rássi. 8Rássi goiká, lieđđi goldná, muhto min Ipmila sátni bissu agálaš áigái. 9Goarkŋo alla várrái, Sion, don gii buvttát illusága! Gulat illusága alla jienain, Jerusalem! Čuorvvo, ale bala, gulat Juda gávpogiidda: Din Ipmil boahtá!