Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Sefanja

1 2 3
Se film

Les mer om BibleProject.

Neste kapittel >
1Herrens ord som kom til Sefanja, son til Kusji, son til Gedalja, son til Amarja, son til Hiskia, i dei dagane då Josjia, son til Amon, var konge i Juda.
Dommen over Jerusalem
     2 Eg riv bort,
          alt riv eg bort frå jorda,
          seier Herren.
          
   
 3 Eg riv bort både menneske og dyr,
          fuglane under himmelen og fiskane i havet,
          eg lèt dei urettferdige snubla.
          Eg utryddar menneska frå jorda,
          seier Herren.
          
   
 4 Eg lyfter handa mot Juda,
          mot alle som bur i Jerusalem.
          Eg utryddar frå denne staden
          alt som er att av Baal,
          og namnet til avgudsprestane
          saman med prestane.
          
   
 5 Eg utryddar dei som tilbed
          himmelhæren på taka,
          dei som tilbed Herren og sver ved han
          og samtidig sver ved Milkom,
          
   
 6 og dei som vender Herren ryggen,
          som ikkje søkjer Herren
          og ikkje spør han til råds.
          
   
 7 Ver still for Herren Gud,
          for Herrens dag er nær!
           Herren har laga til eit slaktoffer,
          han har helga dei han har bode inn.
          
   
 8 På dagen for Herrens slaktoffer
          skal eg straffa fyrstar og kongssøner
          og alle som kler seg i framand drakt.
          
   
 9 Eg skal straffa
          alle som spring over dørstokken den dagen,
          dei som fyller sin Herres hus med vald og svik.
          
   
10 Den dagen, seier Herren,
          skal det høyrast skrik frå Fiskeporten,
          jammer frå Nybyen
          og eit høgt klagerop frå høgdene.
          
   
11 Hyl, de som bur i Nedrebyen,
          for heile kremmarfolket er gjort til inkjes,
          utrydda er alle som vog opp sølv.
          
   
12 På den tida skal
          eg gjennomsøkja Jerusalem med lys
          og straffa mennene der,
          dei som sit sløve i sin vinrus
          og seier i sitt hjarte:
          « Herren gjer korkje godt eller vondt.»
          
   
13 Det dei eig, skal plyndrast
          og husa deira øydeleggjast.
          Byggjer dei hus, får dei ikkje bu i dei,
          plantar dei vinmarker, får dei ikkje drikka vinen.

Herrens dag er nær
    14 Nær er Herrens store dag;
          han er nær og kjem med hast!
          Høyr, beisk er Herrens dag,
          då ropar krigaren høgt.
          
   
15 Ein vreidedag er den dagen,
          ein dag med naud og trengsle,
          ein dag med øydelegging og herjing,
          ein dag med mørker og dimme,
          ein dag med skyer og skodde,
          
   
16 ein dag med hornlåt og hærrop
          mot festningsbyar,
          mot høge borgtårn.
          
   
17 Då vil eg senda trengsle
          så folk går som i blinde,
          for dei har synda mot Herren.
          Blodet deira skal tømmast ut som slam
          og innvolane deira som møkk.
          
   
18 Sølv og gull kan ikkje berga dei
          på Herrens vreidedag.
          Elden frå hans lidenskap skal øyda heile jorda.
          For han utryddar,
          ja, han gjer brått ende på
          alle som bur på jorda.
Neste kapittel >

31. mars 2023

Dagens bibelord

Jesaja 40,6–9

Les i nettbibelen

6En røst sier: «Rop ut!» Jeg svarer: «Hva skal jeg rope?» «Alle mennesker er gress, all deres troskap er som blomsten på marken. 7Gresset tørker bort, blomsten visner når Herrens ånde blåser på den. Sannelig, folket er gress. ... Vis hele teksten

6En røst sier: «Rop ut!» Jeg svarer: «Hva skal jeg rope?» «Alle mennesker er gress, all deres troskap er som blomsten på marken. 7Gresset tørker bort, blomsten visner når Herrens ånde blåser på den. Sannelig, folket er gress. 8Gresset tørker bort, blomsten visner, men ordet fra vår Gud står fast for evig.» 9Gå opp på et høyt fjell, du Sions gledesbud! Løft din røst med kraft, Jerusalems gledesbud! Løft din røst, vær ikke redd! Si til byene i Juda: «Se, deres Gud!»

Dagens bibelord

Jesaja 40,6–9

Les i nettbibelen

6Ei røyst seier: «Rop ut!» Eg seier: «Kva skal eg ropa?» «Alle menneske er gras, all deira truskap er som blomen på marka. 7Graset tørkar bort, blomen visnar når Herrens ande blæs på han. Sanneleg, folket er gras. ... Vis hele teksten

6Ei røyst seier: «Rop ut!» Eg seier: «Kva skal eg ropa?» «Alle menneske er gras, all deira truskap er som blomen på marka. 7Graset tørkar bort, blomen visnar når Herrens ande blæs på han. Sanneleg, folket er gras. 8Graset tørkar bort, blomen visnar, men ordet frå vår Gud står evig fast.» 9Gå opp på eit høgt fjell, du Sions gledebod! Lyft di røyst med kraft, Jerusalems gledebod! Lyft di røyst, ver ikkje redd! Sei til byane i Juda: «Sjå, dykkar Gud!»

Dagens bibelord

Jesaja 40,6–9

Les i nettbibelen

6Jietna dadjá: Sártno! Mun jearan: “Maid mun galggan sárdnut?” – Olmmoš lea dego rássi, nohkavaš nugo gietti lieđđi. 7Rássi goiká, lieđđi goldná go Hearrá vuoiŋŋahat bossu dasa. Duođaid, álbmot lea rássi. ... Vis hele teksten

6Jietna dadjá: Sártno! Mun jearan: “Maid mun galggan sárdnut?” – Olmmoš lea dego rássi, nohkavaš nugo gietti lieđđi. 7Rássi goiká, lieđđi goldná go Hearrá vuoiŋŋahat bossu dasa. Duođaid, álbmot lea rássi. 8Rássi goiká, lieđđi goldná, muhto min Ipmila sátni bissu agálaš áigái. 9Goarkŋo alla várrái, Sion, don gii buvttát illusága! Gulat illusága alla jienain, Jerusalem! Čuorvvo, ale bala, gulat Juda gávpogiidda: Din Ipmil boahtá!