Hopp rett til
Kirkeårets teksterDagens bibelord
Tegnforklaringer
Bibelleseplaner
Kjøp Bibelen
1De var ein gong døde på grunn av misgjerningane og syndene dykkar. 2De levde i dei slik ein gjer i denne verda og lét dykk leia av han som styrer i himmelrommet, den ånda som no verkar i dei ulydige. ... Vis hele teksten
1De var ein gong døde på grunn av misgjerningane og syndene dykkar. 2De levde i dei slik ein gjer i denne verda og lét dykk leia av han som styrer i himmelrommet, den ånda som no verkar i dei ulydige. 3Ja, ein gong levde vi alle som dei. Vi følgde lystene i vårt eige kjøt og blod, vi gjorde det vårt kjøt og våre eigne tankar ville. Og vi var av naturen vreidens born liksom alle dei andre. 4Men Gud er rik på miskunn. Fordi han elska oss med så stor ein kjærleik, 5gjorde han oss levande saman med Kristus, vi som var døde på grunn av misgjerningane våre. Av nåde er de frelste. 6I Kristus Jesus har han både reist oss opp frå døden med han og sett oss i himmelen med han, 7så han i dei komande tider kunne visa kor overstrøymande rik han er på nåde, og kor god han er mot oss i Kristus Jesus. 8For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve. 9Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal skryta av seg sjølv. 10For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud på førehand har lagt ferdige så vi skulle vandra i dei.